(Smp:) Ei natt i mars blei ein ung bilførar frå Ålesund tatt i 133 km/t på E39 på Ørskogfjellet, i Vestnes kommune.

No har han fått dom i Møre og Romsdal tingrett.

Her går det fram at bilføraren blei stoppa av politiet som følgje av ei forbikøyring i 80-sone.

Og det var ikkje ein heilt vanleg bil han køyrde forbi. Det viste seg nemleg at det var ein sivil politibil.

20-åringen har tilstått og har i retten uttalt at han er motivert til samfunnsstraff.

Møre og Romsdal tingrett har dømt ungdommen til 30 timar samfunnsstraff. Straffa skal gjennomførast i løpet av 120 dagar.

Dommen inneber også at han mister førarkortet i ni månader. Og det blir stilt krav om full ny førarprøve for å få førarkortet tilbake.